To menn smiler til kamera
TRIVST GODT: Brage Sandvoll (25) og Daniel Messel (28) trivst godt som nyutdanna lærarar i bergensskulen.
Bilde: Astri Kamsvåg

– I lærarjobben møter eg mange kule elevar

Kvart år vert 80-100 nyutdanna lærarar tilsett i Bergen kommune. Korleis er det å vere nyutdanna lærar? Korleis legg kommunen til rette for at dei skal lukkast i lærarjobben og bli verande i yrket?

– Skulen har tatt veldig godt imot oss som kjem rett frå skulebenken. Vi har fått mykje støtte og hjelp av dei andre lærarane. Eg merkar at dei ønsker at vi skal få det til, fortel Malin Elvingdal (25). Ho er inne i det fyrste året sitt som lærar på Bjørndalsskogen skole. Sidan september har ho vore kontaktlærar.

Astrid Fykse Jacobsen (27) er snart ferdig med det andre året som lærar. Også ho fekk tidleg rolla som kontaktlærar på Bjørndalsskogen skole.

– Det har vore ei bratt læringskurve, men eg vart positivt overraska. Å vere kontaktlærar har slett ikkje vore så skummelt som eg trudde, fortel Jacobsen. 

Begge har nyleg vore på samling for nyutdanna lærarar i bergensskulen.

Godt opplegg for nyutdanna i bergensskulen

Regjeringa lanserte tidlegare i år ein strategi for rekruttering til lærarutdanningane. Bakgrunnen er at søkjartala til lærarutdanningane har gått ned dei siste åra. Eit av tiltaka i strategien er å ta imot nyutdanna lærarar betre og meir systematisk. Dei skal òg rettleiast i starten. Bergen kommune har eit heilhetlig system for å ivareta nyutdanna.

Smilende mann med briller og dress
Daniel Hägglund er byråd for barnehage og skule i Bergen.
Bilde: Andrew M.S. Buller

– Bergensskulen treng trygge lærarar som kan takle utfordringar og uføresette situasjonar. I Bergen har vi allereie eit godt opplegg for å ta imot dei og ruste dei i overgangen frå å vere lærarstudent til å arbeide som lærar, seier Daniel Hägglund, byråd for barnehage og skole i Bergen.

‘Plan for veiledning og oppfølging av nyutdannede nytilsatte lærere i Bergen kommune’ skal bidra til å gi dei ferske lærarane ein god start i yrket.

I følgje planen skal dei nye lærarane

  • få systematisk og strukturert rettleiing og oppfølging av ein erfaren lærar på skulen, der han/ho jobbar dei to første åra
  • ha høve til å delta på nettverkssamlingar for nyutdanna lærarar i regi av Etat for skole det første året dei er i jobb
  • ha inntil seks prosent mindre undervisning det første skuleåret dei er i jobb
To smilende unge kvinner ser mot kamera
KONTAKTLÆRARAR: Både Malin Elvingdal (25) og Astrid Fykse Jacobsen (27) vart kontaktlærar tidleg.
Bilde: Astri Kamsvåg

Eit givande yrke

– Eg synst at læraryrket er veldig givande. I lærarjobben møter eg mange kule elevar. Det er veldig gøy å bli kjent med dei og å bygge relasjonar. Å følgje med på utviklinga deira, er noko av det kjekkaste med jobben min, seier Brage Sandvoll (25). Han var ferdig utdanna lærar i fjor og er no på tampen av første året sitt i yrket på Storetveit skole.

Daniel Messel (28) byrja som lærar for snart tre år sidan. Han er òg tilsett på Storetveit, og frå hausten skal han vere kontaktlærar.

– Det eg likar med å vere lærar er at arbeidskvardagen er utroleg variert. Eg står ganske fritt til å legge opp undervisninga slik eg vil, så lenge elevane når læringsmåla. Det er kjekt når eg greier å få elevane interesserte i dei faga som eg sjølv brenn for.

Les mer om: