To små barn med skolesekk på ryggen går på et gangfelt.
RASKT SVAR: Mange elevar har utrygg skoleveg. No går det raskare å få svar på søknaden om skoleskyss.
Bilde: Ann-Kristin Loodtz

Få svar på søknad om skoleskyss på under éin time

Før har det tatt opp til seks veker å få svar på søknad om skoleskyss på den travlaste tida. Takka vere kommuneroboten Digifrid får elevar som kvalifiserer til skoleskyss, no svar på under ein time.

Fredag 28. april er ein merkedag for Bergen kommune. Då vart nemleg den første heilautomatiserte saksbehandlingsprosessen i kommune sett i produksjon. 

Prosessen det er snakk om, er behandling av søknadar om skoleskyss. 28. april overtok nemleg kommuneroboten Digifrid saksbehandlinga av søknadane om skoleskyss.

Tegning av grønn robot som står ute i en gate
ROGOT: Digifrid.
Bilde: Bergen kommune

Kjem trygt til skolen mykje raskare

Den digitale medarbeidaren saksbehandlar søknadar om skoleskyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Digifrid tek seg berre av dei enklaste søknadane. Saksbehandlarane i Byrådsavdeling for barnehage, skole og idrett skal fortsette å behandle dei meir kompliserte søknadane som krev skjønnsmessige vurderinger.

Når du fyller ut søknadsskjemaet, kan du velje om du vil samtykke til automatisert behandling. Gir du ikkje løyve, går søknaden vidare til ein saksbehandlar. 

LENKE: Søk skoleskyss

Frå skolestart i august og ut september, mottar kommunen rundt 20 søknadar om skoleskyss dagleg. Søknadane hopar seg opp. Ventetida for barn som heilt klart er kvalifiserte til å få skoleskyss, må vente til saksbehandlarane har tid til å behandle søknaden. Med denne nye heilautomatiserte løysinga får elevane innvilga skyss mykje raskare, og dei kjem seg trygt til skolen.

Det er Skyss og Vestland fylkeskommune som har ansvar for å behandle søknadar om skoleskyss som gjeld avstand.

Syv personer står oppstilt på to rader og smiler til kamera.
SAMARBEID: Aksel Bauge (AVO Consulting), Marius Arnason Bøe (kommunaldirektør), Marthe Koch Sæbø (rådgivar), Vidar Aspunvik (seniorrådgivar), Anne Berit Lundberg (avdelingsleiar), Petter Skarstein (AVO Consulting) og Øyvind Slemdal (jurist). Henrik Schia (AVO Consulting) var ikkje til stades då bildet vart tatt.
Bilde: Astri Kamsvåg

 

Les mer om: