To personer står ved siden av hverandre og ser i kamera
SAMARBEID: Synnøve Hjertaker, rektor ved Garnes skule, og Inge Andersland, førsteamanuensis ved Høgskolen på Vestlandet, har jobba i to år for å bli betre på å tilpasse opplæringa til elevar med stort læringspotensial.
Bilde: Sarah Larsson

Korleis legge til rette for barn med stort læringspotensial?

Barn med stort læringspotensial utgjer 10-15 prosent av elevane i norske klasserom. Kven er disse elevane? Korleis finn vi dei? Og korleis kan vi tilpasse undervisninga til dei?

Etat for skole har laga ein rettleiar for tilsette i skulen som gir svar på dette, i samarbeid med Høgskolen på Vestlandet og NLA Høgskolen. Synnøve Hjertaker, rektor ved Garnes skule, og Inge Andersland, førsteamanuensis ved Høgskolen på Vestlandet, presenterte nyleg resultata av prosjektet i på ein konferanse i Jönköping, Sverige. Så vidt dei veit var dette den første konferansen i Skandinavia om temaet. Prosjektet er ei bestilling frå bystyret. 

Tre-fire elevar i kvar klasse 

Rundt 10-15 prosent av elevane i skulen har stort læringspotensial. I snitt er det tre-fire elevar med stort læringspotensial i ein klasse på 25 elevar. Det er altså snakk om ei stor gruppe elevar i skulen, som finst på alle skuler og i dei fleste klassar.

Barn med stort læringspotensial kan ha det vanskeleg, fortel Synnøve Hjertaker.

– Dette er barn som kan slite med å tilpasse seg skolesystemet, og skolesystemet slit med å tilpasse seg eleven. Dei tenker, lærer og leiker på ein annan måte enn andre barn. Nokre elevar med stort læringspotensial slit i sosiale situasjonar. Andre i denne elevgruppa står i fare for å droppa ut av skulen. At dei har stort læringspotensial bør vere ein av forklaringsmodellane lærarar vurderer når vi i skulen undersøker kvifor elevar har vanskar i møte med skulen, seier Hjertaker. 

Kjenneteikn ved barn med stort læringspotensial

Omgrepet ‘stort læringspotensial’ viser til elevar som lærer raskare og tileignar seg meir kompleks kunnskap samanlikna med jamaldrande. Det handlar om kor raskt elevene skjønner nye ting, og kor komplisert kunnskap dei er i stand til å jobbe med.

Barn med stort læringspotensial kan vere svært ulike. Slik blir dei ulike typane skildra:  

Den suksessfulle

  • Tilpassar seg skulen sine krav og har gode resultat. Kjedar seg ofte, og kan meir enn dei får vist.

Den utfordrande

  • Kreativ og lite innstilt på å tilpasse seg. Utfordrar læraren i klasserommet. Har ofte eit negativt sjølvbilde.

Den skjulte

  • Skjuler evnene sine for ikkje å skilje seg ut i elevgruppa.

Dropouten

  • Har mista trua på at dei vaksne på skulen ser dei og kan møte dei. Er fråverande, enten fysisk eller mentalt.

Den dobbelteksepsjonelle

  • Har ei funksjonsvanske eller lærevanske i tillegg til stort læringspotensial. Nokre gonger skjuler vansken potensialet – andre gonger er det omvendt.

Lurer du på om du har eit barn med stort læringspotensial, eller er du ein slik elev sjølv?

Du finn meir informasjon i rettleiaren

Les mer om: