Gjennom prosjektet Kvinner på sokkel skal Bergen kommune auke kvinners nærvær i det offentlege rom. Torborg Nedreaas er den tredje kvinna, etter Ambrosia Tønnesen og Kim Friele, som skal heidrast med et monument i Bergen sentrum.
Av 20 søkjarar til den opne kvalifiseringsrunden vart kunstnaren Sofie Hviid Vinther vald med sitt verk «Nyttehender».
– Det er eg svært takksam for. Eg har aldri utførd ei så stor oppgåve før. Prosjektet var også ein introduksjon til Nedreaas sin forfattarskap, som eg er svært glad for. Eg trur vi kunne ha blitt gode vener, seier Hviid Vinther.
Hender i kvit betong
Skulpturen består av to forbundne hender støypt av kvit betong, der overflata vil gå frå ein grov sandblåst til ein finslipt overflate. Hendene vil dermed gradvis forandre seg frå rå til blankt polerte, som skal være eit symbol på både grove arbeidshender og hender som utfører finare arbeid.
Skulpturen er 3 meter lang, 2 meter brei og 60 cm høg. Den er meint å fordre interaksjon og vil vere tilgjengeleg døgnet rundt for byens innbyggjarar og vitjande.
Fra juryens vurdering
I fylgje juryens grunngjeving tek skulpturen «Nyttehender» utgangspunkt i Torborg Nedreaas tekstunivers, og «… særskild Den lille novellen om et par sko, der nettopp hendene er dreiingspunkt for djupare refleksjon kring politikk, kunst, arbeid, poesi og nytte…».
Og vidare: «Skulpturen foreinar påminning og heider av det Nedreaas utretta med hennar hender, og vil som kunstverk av hender støtte, halde kring og vere til nytte for framtidas bergensarar. Skulpturen er leiken, utforma i eit figurativt, abstrahert uttrykk som er beinveges til å kjenne att men som samstundes opnar for refleksjon kring hender og arbeid; til dømes har dei siste åra vore fulle av politiske utspel knytt til uttrykket «varme hender»….».
Skal avdukast våren 2026
Verket skal plasserast i Nygårdsparken, i nærleiken av Møhlenpris, der Nedreaas vaks opp. Plasseringa gjer at verket kan sjås fra ulike perspektiv fra parken alt ettersom kva for tre sider man passerer det på. Planlagt avduking er våren 2026.
Frå Danmark
Sofie Hviid Vinther (f. 1994) er opphavleg frå Stege i Danmark, men bur og arbeider i Bergen. Ho fullførte sin MFA ved Fakultet for kunst, musikk og design ved UiB i 2021. I tillegg til å delta i ei rekkje gruppeutstillingar i Danmark og Noreg, har ho hatt separatutstilling på mellom anna Christinegaard, Soft Galleri, Kiosken og Isotop. Sofie Hviid Vinther har vore ein aktiv kunstnar som kan vise til mangfaldige prosjekt der ho utfordrar materialitetar, og ho arbeider gjerne i eit grenseland mellom det performative, installasjonar og tekstlege element.
«Nyttehender» er Sofie Hviid Vinther sitt første store kunstprosjekt i offentlege rom. Det opnar for eit leikent univers både med tanke på tematikk, men også gjennom å bruke materiale på ein taktil måte – noko som høyrer med i Vinthers kunstverk og særpreg.
Fakta: Torborg Nedreaas
- Fødd 13. november 1906, Bergen. Død 30. juni 1987, Nesodden.
- Norsk forfattar som skreiv ei av dei store norske oppvekstforteljingane, trilogien om jenta Herdis Hauge, som består av bøkene Trylleglasset (1950), Musikk fra en blå brønn (1960) og Ved neste nymåne (1971).
- Nedreaas vart tidleg kjend som ein kontroversiell forfattar som braut tabu. Forfattarskapet har eit sterkt kvinnefokus, som i novellesamlinga Bak skapet står øksen (1945), der ho forsvarte tyskerjentene, og romanen Av måneskinn gror det ingenting (1947), der ho skremmande realistisk skildrar ei kvinnes sjølvpåførte abortar.
- Prisar: Kritikerprisen 1950 for Trylleglasset, Doblougprisen 1964, Mads Wiel Nygaards legat 1966 og Det Norske Akademis Pris 1986.
Kjelde: snl.no
Ønsker du å motta Bergen kommunes nyhetsbrev om kultur? Klikk her og meld deg på.