OPPDATERT: Bergen var mellom dei nominerte, men det var Bærum som stakk av med sigeren og Skien kommune kom på ein velfortent andreplass.
Vinnaren vart kjent når prisen vert delt ut på Zerokonferansen 24. oktober.
Bak prisen står KS, Miljøstiftelsen Zero og Kommunalbanken. Desse er med i juryen: Direktør i Cicero, Kristin Halvorsen, styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, administrerande direktør i Kommunalbanken, Jannicke Trumpy Granquist, dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse, Lars-Henrik Paarup Michelsen og dagleg leiar i ZERO, Stig Schjølset.
Bergen kommune er nominert for prosjektet «Styringsverktøy for klima- og miljøtiltak i byggeprosjekt». Kommunen har utvikla eit styringsverktøy som skal sikre heilskapleg og systematisk arbeid med klima- og miljømål i kommunen sine utbyggingsprosjekt.
Styringssystemet skal syte for å redusere klimagassutslepp, avfallsmengd på byggeplassar og energiforbruk i drift. Systemet skal òg sikre auka bruk av sirkulære materiale, utsleppsfri transport, gjenbruk av massar og areal og at byggeplassane er frie for utslepp innan 2025.
Totalt kom det inn 17 søknader frå kommunar som ville tevle om årets pris.