Elektrisk grabb på veg for å rive Garnes ungdomsskule
ELEKTRISK: Denne maskina skal brukast til å rive gamle Garnes ungdomsskule. Ho er heilt elektrisk. Byggeplassen skal vere 90 prosent fri for utslepp.
Bilde: Henrik Ravndal

Nær utsleppsfri byggeplass på Garnes

Arbeida med å rive den gamle og bygge ny Garnes ungdomsskule er i gang. Byggeplassen kjem til å vere nesten heilt utsleppsfri.

Bergen kommune har sett mål om at alle byggeplassane våre skal vere utsleppsfrie innan 2025. To pilotprosjekt er valde ut for å teste teknologien. No er byggearbeida på den første piloten i gong. Kommunen har inngått kontrakt med Skanska om å rive og bygge Garnes ungdomsskule. Og den byggeplassen skal minst vere 90 prosent fri for utslepp.

Billegast og minst utslepp

– Mange har frykta at det blir så mykje dyrare å bygge utan utslepp. I denne konkurransen var tildelingskriteria pris og utsleppsfri byggeplass. Vinnaren hadde både lågast pris og høgast del utsleppsfritt, seier direktør Willy-André Gjesdal i Etat for utbygging.

Kommunen gjekk for to år sidan inn i eit samarbeid med Eviny om å utvikle utsleppsfrie byggeplassar. Den første piloten skulle då vere eit garderobebygg og sidan ein barnehage. No blir det eit rimeleg stort skoleanlegg i staden. Den andre piloten vil vere riving og bygging av ny Midtbygda sjukeheim.

Gledeleg overraska

– Vi hadde rett og slett ikkje vågd å håpe på 90 prosent i den første piloten. Med dette prosjektet er vi langt framme. Tilgangen på maskiner og ulike typar maskiner har blitt betre. Det er utruleg gledeleg at vi har kome så langt med tanke på målet vårt for 2025, seier Willy-André Gjesdal.

Bygginga er ikkje det einaste miljøtiltaket som skal gjerast på Garnes ungdomsskole. I tillegg skal det vere lokal energiproduksjon med store solcelleanlegg på skulen og idrettsbygget. Det kjem også eit nærvarmeanlegg. Det er ein stor varmesentral med bergvarmepumpe som skal forsyne ungdomsskulen, idrettsbygget, Bjørnarhallen og barneskulen. Nybygget skal byggast i massivtre.

Pilotprosjektet har fått tre millionar kroner i støtte frå Miljødirektoratet. I tillegg har Enova gitt 384.000 kroner i støtte til bergvarmepumpa.

Les meir om byggeprosjektet her