Info frå Etaten
På bakgrunn av fleire førespurnader frå skular om uheldig bruk av sosiale medium har Etat for skule bestemt å blokkere tilgangen til sosiale medium på elevane sine digitale kommunale einingar. Blokkeringa gjeld TikTok, Snapchat, Telegram, Instagram, Facebook og X.
Blokkeringa trer i kraft frå måndag 21. oktober.
For Chromebooks vil blokkeringa gjelde både heime og på skulen.
For Windows elev-PC-ar vil blokkeringa gjelde i elevnettverket. Heime vil blokkeringa gjelde så lenge eleven er pålogga Google-kontoen sin i Chrome-nettlesaren. I løpet av hausten vil Windows elev-PC-ar få ei tilsvarande nettfilterløysing som på Chromebooks.