Hausten 2019 hadde Garnes skule tilsyn på helsevern. I samband med dette, blei det foretatt luftmålingar. Dei viste noko høge verdiar på bygg 1 og bygg 3. Denne sommaren har elektrikarar, ventilasjonsarbeidarar, snekkarar og malarar vore i aktivitet. Dei har støypt fundament til utvendig ventilasjonsbygg, og trukke kanalar gjennom alle klasseromma i bygg 3. Innan skulestart er alt det innvendige arbeidet ferdig, og innan haustferien skal vi ha fungerande ventilasjonsanlegg i bygg 3. I bygg 1 vil vi halde fram med manuell lufting medan vi planlegg for bygging av ventilasjonsanlegg her sommaren 2024.