Marit:
Marit er avdelingsleiar for både kjøkken og reinhald. Hennar jobb er, mellom anna, å sørge for at alt er på kjøpt inn og på plass når kjøkken og reinhald treng det. Ho helsar alle med eit smil og bakar dessutan kjempegode kaker.
Rita:
Rita er ein av dei fantastiske leirskulekokkane våre. Som kokk er Rita kreativ og kjem gjerne med nye idear til rettar me kan servere. Ho er både engasjert og tar ansvar, men ikkje minst er Rita grådig triveleg og grei å treffe på - enten det er i gangane, på kjøkenet eller på pauserommet.
Randi:
Randi er leirskulekokk hjå oss i Hålandsdalen – ein smilande og blid leirskulekokk. Ho er positiv og venleg når du treff ho. I tillegg er ho ein helt til å strikke og heilt rå til å gå i fjellet.
Eline:
Oppvaksen som nabo til leirskulen er Eline på mange måtar komen «heim» igjen. Eline er ein av kokkane våre – som lagar verdens beste leirskulemat. Alltid med eit smil om munnen og klar for å trø til når elevane er svoltne.
Grethe:
Grethe har ein sprudlande energi som svært få andre har, eit smil om munnen og alltid godt humør. Ho tar i eit tak der det trengs og du kan møte henne både på kjøkkenet og i matsalen.
Aurora:
Aurora møter du både i matsalen med elevar og inne på kjøkenet på leirskulen. Med sin blide og snille væremåte er ho lett å koma i kontakt med. Rask, effektiv og ordensmenneske er stikkord som beskriv Aurora godt.
Gunn Merete:
Gunn Merete er ein av oss på leirskulen som arbeider både på kjøkenet og inne i matsalen med elevar som har kjøkenteneste. Ho har alltid eit smil på lur, ein god kommentar på lager og tar i eit tak når og der det trengs.