Korleis er reglane for bålfyring og allemannsretten?
Korleis er reglane for bålfyring og allemannsretten?
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 36 - Liland og Møhlenpris

Den raude tråden gjennom leirskuleveka – historien vår som middel for forståing for vår eiga (sam)tid. Det er mange moment elevar på leirskule er innom og dette er eit av dei.

Skogsdag med allemannsretten som viktig tema
Skogsdag med allemannsretten som viktig tema
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Gjennom heile veka, i så og sei alle aktivitetar, kjem den raude tråden på Hålandsdalen leirskole til syne – me samanliknar fortid med notid. Tanken vår er at dersom me kjenner til vår eiga historie så gjev det ei større forståing for notida. Teknologien har endra seg mykje dei siste 150 år, men tankesettet til oss menneske har ikkje endra seg like mykje. Me kan sjå parallellar og likskapar mellom det som har skjedd før og det som skjer den dag i dag – både her me bur og ute i den «store, vide verda».

"Stemningsrapport" frå Kikedalen
"Stemningsrapport" frå Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

I løpet av 5 intense dagar på leirskule har alle elevane hatt to utedagar og ein bygdedag med friluftsaktivitetar. Begge skular har hatt ein dag i skogen. Tema for denne dagen er (bruk av) allemannsretten slik den står i Norge i dag. Historien viser oss at bruken av naturen har stått så sterkt for folk flest at allemannsretten vart nedfelt i vårt eige lovverk. Denne type lovverk, som sikrar fri ferdsel i utmark, er Norge nesten åleine om å ha i verda. Ein slik dag i skogen gjev òg ein strålande sjanse til og øve på bruken av kompass. Rett og slett med ein orienteringsløype der kompasset er einaste hjelpemiddel.

Kanopadling er ein aktivitet som alle har fått prøve seg på denne veka.
Kanopadling er ein aktivitet som alle har fått prøve seg på denne veka.
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Begge skular har òg hatt ein dag på vatnet. Møhlenpris valgte fisk som hovudtema, i tillegg til kanopadling og robåtar. Historisk har kunnskapen om fisk og fiske vore viktig for både folk i Hålandsdalen, men like fullt i Norge generelt. Ein liten smakebit på dette med fisk fekk altså elevane medan dei var på leirskule.

Liland nytta sin dag på vatn til Kikedalen. Her drog me parallellen mellom smittespreiing under Svartedøden og åra der Covid var langt framme i tankane våre. Alt dette fortalt med utgongspunkt i sagnet om Kikedalsbonden. I tillegg nytta me sjansen til å finne bevis på korleis landskapet har blitt forma av både is(tider) og rennande vatn. Alt ligg synleg og rett framfor nasen vår – så lenge me veit kva me skal sjå etter.

Bygdedag betyr arbeid med jern.
Bygdedag betyr arbeid med jern.
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Bygdedagen vart ei praktisk øving i arbeidsoppgåver slik dei kunne sett ut for 150 år sidan. Elevane var ute på ein stasjon der dei til dømes, dreiv vedhogst, arbeidde med ull (toving), bakte lefser eller arbeidde med jern. Alt for å få ei lita kjensle og oppleving av korleis livet har vore for generasjonar før vår tid.  

Dagane går fort på leirskule. Då vekkjarklokka ringde fredag morgon var det berre timar igjen til avreise. Frukost, utpakking, kyrkjebesøk og lunsj gjekk som «eit knips» og plutseleg stod bussane på tunet – og etter bagasjestuing “etter alle kunstens reglar” var det klart for heimreise.

Takk for besøket og god tur heim – både lærarar og elevar frå Liland og Møhlenpris.