Fjelltur i Hålandsdalen
Fjelltur i Hålandsdalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 37 - Internordisk leirskole 2024

Veke 37, kvart år, er ei merkeveke på leirskulen. Då er det nemleg internordisk leirskole. Ungdommar frå Norge, Sverige og Finland har nokre intense og opplevelsessrike dagar saman i Hålandsdalen.

Samarbeidsøvelsar i starten på veka
Samarbeidsøvelsar i starten på veka
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Bergen by, Bergen kommune, har sine vennskapsbyar i dei nordiske landa. Den «nest største» byen i kvart av dei nordiske landa er ein del av dette samarbeidet. Ein liten del av det internordiske samarbeidet er kulturutveksling mellom ungdommar. Byane Åbo (Finland), Gøteborg (Sverige) og Bergen (Norge) arrangerer kvar si veke med slik kulturutveksling – òg kalla internordisk leirskole. Hålandsdalen leirskole, Bergen kommune sin eigen leirskule, arrangerer, kvart år, denne leirskuleveka på vegne av Bergen kommune.

Fjelltur til Øykjafjell
Fjelltur til Øykjafjell
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ei internordisk leirskuleveke fortonar seg noko annleis enn ei vanleg leirskuleveke. For det første er det elevar frå 10. trinn som er deltakarar – ikkje 6. eller 7. trinn som i ei ordinær veke. I tillegg startar leirskuleveka allereie søndag ettermiddag og ikkje måndag føremiddag.

Gjengen på toppen av Ottanosi
Gjengen på toppen av Ottanosi
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ungdommane starte med innkvartering søndag ettermiddag/kveld. Måndagen inneheldt både samarbeidsøvelsar og friluftsaktivitetar. Tysdag var «fjelldagen» denne veka. Storparten av elevane hadde Ottanosi, på 976 moh, som mål for dagen. Ein stor del av denne gruppa gjekk i tillegg runden om Kjerringafjell, på 938 moh, på veg ned igjen. Eit par «håndfuller» med elevar gjekk mot Øykjafjell, på 622 moh, som var det andre val-alternativet. For mange av dei besøkjande var dette første møtet med denne type fjelltur.

Lefsebakarar i aksjon onsdag
Lefsebakarar i aksjon onsdag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag byrja med ei økt bygdedagsaktivitetar. Handverk utført på gamlemåten var òg nye erfaringar for dei fleste. Onsdag ettermiddag og kveld gjekk føre seg i Bergen sentrum – med guideprogram av dei norske elevane. Kvelden avslutta med pizza på Peppes før bussturen tilbake til Hålandsdalen.

Jernarbeid som bygdedagsaktivitet
Jernarbeid som bygdedagsaktivitet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Torsdag var ny full utedag,  med vatn og kanopadling som tema. Halve gruppa hadde Kikedalen som mål for dagen. Naturopplevinga på veg innover Gjønavetnet, historien/sagnet om Kikedalsbonden og ein kikk på dei synlege bevisa etter isen sitt arbeid over mange tusen år var like fengande for ein 10.klassing som for ein 7.klasseelev. Den andre halvparten hadde i oppgåve å padle frå Eidestøa og til Kilen. Tematikken var vatn som ferdselsveg. I tillegg til historiar om korleis folk nytta seg av dei store vatna i Hålandsdalen før bilvegen kom – var og oppgåva til elevane å kome seg gjennom Drageidkanalen. Med høg vassføring var det bæring av kanoar på dei fleste – rett og slett for å kome igjennom kanalen på ein trygg måte med ei gruppe på rundt 40 stk.

Slik kan ein dag i kano sjå ut
Slik kan ein dag i kano sjå ut
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fredag morgon var det tidleg avreise for alle. Trass i at bussen var i seinaste laget inn på tunet, så kom alle seg heimover i tide til å rekke både fly og andre nødvendige gjeremål før det blei helg.

Takk for ei flott veke med internordisk leirskule til elevar og lærarar frå både Finland, Sverige og Norge.