Beintøft

Beintøft på YA september 2024!

YA deltar på den største gå-til-skulen aksjonen i Noreg, Beintøft!

Fra 2. september til 20. september deltar elevar over heile landet på Beintøft, Noreg sin største gå-til-skulen-aksjon. Kvart år er over 50 000 barn med på å gå, sykle og reise kollektivt til skulen. 

Målet med aksjonen er tryggare skuleveg, betre helse og eit betre miljø. 

Rundt Ytre Arna skule har vi ein “hjartesone”, der vi ønsker minst mogeleg biltrafikk for at det skal vere trygt for alle som går eller syklar til og frå skulen. Vi ønsker at elevane kjem gåande frå sentrum via Skulevegen, eller frå busstopp ved Bankvegen. På skulen vil vi lære om trafikk og klima, og vi vil snakke saman om korleis vi kan gjere det på YA.

Bli med å gå, sykle eller rulle til skulen! Då blir det tryggare for alle, du får betre helse og ikkje minst, det er godt for miljøet!

Les meir om aksjonen her: https://beintoft.no/om-beintoft