Fest på YA

Velkommen til skuleåret 2024 /2025 på YA!

SFO opnar torsdag 1.august. Første skuledag er torsdag 15.august.

Velkommen til SFO frå 1.august, både til nye barn og til dei vi kjenner godt frå før! Vi gler oss til fine dagar med leik og aktivitetar ute og inne fram til skulestart. SFO er open kvar dag kl. 8.30-16.30 alle dagar før skulen startar, med unntak av onsdag 14.august då det er planleggingsdag for alle tilsette. For born som ikkje har full plass på SFO, gjeld litt kortare opningstid. Sjå epost frå SFO om innhold og organisering av SFO-dagane i august.

Torsdag 15.august heiser vi flagget og feirar første skuledag på YA! Vi gler oss stort til å sjå alle igjen, og til å ta mot nye elevar både på 1.trinn og elles. 

Det blir ein litt kortare dag enn vanleg denne første dagen, 15.august:

2.,3. og 4.trinn + VK (velkomstklassen) startar kl. 8.30 og er ferdig ca kl. 11. (2.trinn kl. 11.40). SFO er open etter skuletid som vanleg.

1.trinn + 5.,6. og 7.trinn startar kl. 11.30 og er ferdig ca kl. 14. 

Frå fredag 16.august gjeld vanlege undervisningstider. Timeplan og anna info blir delt ut og publisert første skuledag.

Velkomen til skulestart på YA! Ikkje ver redd for å ta kontakt dersom det er noko du /de lurer på. Vi er her for deg!