Sandgotna skole frå utsida
BETRE LUFT: Byrådet løyver 17 millionar kroner til nye grupperom og ventilasjon på Sandgotna skole.
Bilde: Trude Haugen

Lufta vert betre på Sandgotna skole

Sandgotna skole har utfordringar med elevkapasitet og inneklima. No skal skulen få nye grupperom og betre ventilasjon.

Byrådet går inn for å gjennomføre prosjektet. Arbeida som skal gjerast på Sandgotna skole vil koste 17 millionar kroner.

Under eit tilsyn på skulen vart det avdekt at klasseromma er for små i høve til talet på elevar på skulen. Dersom skulen skal følgje arealnorma må det kome grupperom. I tillegg har ikkje aulaen og kantina godt nok luftutskifte. Eit nytt ventilasjonsanlegg er det difor naudsynt å få på plas. Anlegget skal også syte for betre luft i studiesalen i 2. høgda.

Skulen skal få fleire grupperom. Dei nye grupperomma får ny systemhimling med lyssetting og elles nye overflater. Kantina skal oppgraderast med ny innreiing, lydhimling og lyssetting. Eit nytt teknisk rom til ventilasjonsanlegg. Dette skal syte for å halde luftkvaliteten på eit tilfredsstillande nivå.

Finansbyråd Charlotte Spurkeland meiner at helseverngodkjenning av skulane må prioriterast høgt. Ho rår til at byrådet gjennomfører prosjektet på Sandgotna skole.

Byrådet behandla saka i møtet 20. juni.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Her er sakene fra byrådet 20. juni