Li skole i Åsane
LIVNAR PÅ LI: Li skole i Åsane skal få naudsynte utbetringar av gymsalen på skulen.
Bilde: Trude Haugen

Utbetrar gymbygget på Li skole

Byrådet går inn for å løyve 17 millionar kroner til nytt ventilasjonsanlegg og for å rehabilitere dusj og garderobe på Li skole.

Både garderobane og gymsalen på Li skole er slitte slik som dei står i dag. Det er trong for å få på plass eit nytt vassbehandlingsanlegg og skifte ut to overvasskummar. 

I dusjane er det ei utfordring med legionella. Legionella vart oppdaga på slutten av 2023 i ein rutinekontroll. Tiltak som sjokkspyling og tilsetting av kjemikaliar vart sette i verk. Etat for bygg og eigedom meiner at alt røyropplegg og utstyr må bytast ut og oppgraderast.

Ventilasjonen i bygget er dårleg. Det er naudsynt med eit moderne luftbehandlingsanlegg for å få eit godt innemiljø. Tiltaket vil òg spare straumutgifter.

Finansbyråd Charlotte Spurkeland meiner det er viktig å gjennomføre dette tiltaket for å gi elevar og tilsette ein trygg og tilfredsstillande skolekvardag. Byrådet går difor inn for å gjennomføre prosjektet til 17 millionar kroner.

Byrådet behandla saka 13. juni.

Les dokumenta

Her er sakene fra  byrådet 13. juni