Felles innsats mot ungdomskriminalitet

Byrådet legg fram sak om korleis kommunen skal møte auka i ungdomskriminaliteten. Felles innsats og samarbeid står sentralt i innsatspakka dei føreslår.

Frå 2022 til 2023 auka ungdomskriminaliteten i Bergen med 40 prosent. Stadig yngre barn utfører lovbrot. Denne saka skal legge føringar for korleis dei kommunale tenestene skal jobbe vidare med tematikken.

Har innhenta kunnskap

– Byrådet har stor merksemd mot den negative utviklinga i ungdomskriminaliteten, og har jobba kontinuerleg med problemstillinga sidan vi tok over. Vi har mellom anna fått mykje kunnskap frå ulike aktørar som møter barn og ungdom i sitt virke, men óg frå barn og unge med eiga erfaring med rus og kriminalitet i Bergen, seier Charlotte Spurkeland, byråd for barnevern, sosiale tjenester og mangfold.

Ny felles innsats

Byrådet føreslår no ei tiltakspakke med ei rekke tiltak. Eitt av tiltaka er eit nytt tverrfagleg tilbod til barn, ungdom og deira foreldre, der barnet er i gjentatt kontakt med politiet. Dette er eit tiltak som er basert på erfaring frå andre byar. Ein vil óg innføre ei mentorordning knytt til barne- og ungdomskriminalitet, og ikkje minst få til eit endå tettare samarbeid med politi, næringsliv og frivilligheita.

Samarbeid er avgjerande

–Ungdomskriminalitet handlar ikkje berre om dei som utfører lovbrot, men om heile ungdomsmiljøet, samarbeidspartar og samfunnsstrukturar. Det må ein samla innsats til, frå både kommune, stat, næringsliv og frivilligheit, for å førebyggje og følgje opp desse utfordringane.  Vi vil hjelpe ungdom til å bryte destruktive mønstre og for å få til det må vi spele på lag med andre, seier Charlotte Spurkeland.

Saka blir levert til handsaming i Utvalg for helse og sosial og vidare til bystyret.

Les dokumenta

Her er sakene fra byrådet 23. mai