Knappentunet
RIVAST: Byrådet meiner alternativet riving og nybygg er det beste for det framtidige Knappentunet.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Går inn for å rive og bygge nytt på Knappentunet

Utgreiinga om val av konsept for kva som bør gjerast med Knappentunet er ferdig. Byrådet går inn for eit alternativ som inneber riving og nybygg.

Hausten 2023 vart Helse Bergen sin del av eigedomen Knappentunet overdratt til Bergen kommune. Kommunen ønskjer å ha bustader med tenestebase for personar med alvorlege psykiske lidingar på eigedomen.

Får plass til 45 bebuarar

Etat for utbygging har gjennomført ei utgreiing om val av konsept for å utvikle eigedomen. Fem ulike alternativ er analyserte i rapporten. Byrådet vel å gå for alternativet som fagetaten tilrår. Alternativet inneber at eksisterande hovudbygg og dei to paviljongane vert rivne og erstatta med nybygg.

Dei nye bygga skal ha same plassering som bygga som står der i dag. Det skal òg reisast eit bygg med treningshusvære. Alternativet skal gje rom for 45 bebuarar. I dag har busenteret 25 bebuarar.

Offisersleir og fangeleir

En tidligere offisersmesse på Knappentunet
NOCH EIN KJØTTKAKE: Tyske offiserar fekk sitt daglege Brot under krigen i messa som ligg på Knappentunet. Tunet har fleire krigsminne.
Bilde: Ola Henning Målsnes

På tomta er det fleire kulturminne frå 2. verdskrigen. Då vart Knappentunet bygd ut som ei forlegning for tyske offiserar. Eigedomen vart nytta etter krigen som fangeleir. Tre kulturminne står att frå denne tida: Eit messebygg, ein vaktbu og ei terrengtrapp.

På 80-talet fekk området tre nye institusjonsbygg: Hovudbygget på nedre nivå, samt Lyngen og Paviljongen på øvre nivå. Bygningsmassen er i svært dårleg stand, samstundes som trongen for dette butilbodet har auka.

Kan gi eit godt tilbod

Byrådet meiner utgreiinga har gjort grundige vurderingar. Dei sluttar seg til det alternativet som er tilrådd frå Etat for utbygging. Byrådet viser til at Knappentunet i lang tid har vore bustad- og behandlingsstad. Dei meiner at med naudsynte tilpassingar kan plassen igjen bli eit godt tilbod til målgruppa.

Knappatjørna
NÆRT VATN: Knappentunet ligg grønt og fint til nær Knappatjørna.
Bilde: Ola Henning Målsnes

I gjeldande handlings- og økonomiplan er det sett av 13 millionar kroner til å utvikle prosjektet vidare. Dersom prosjektet treng ytterlegare midlar til prosjektutvikling og gjennomføring, må det innarbeidast i samband med rulleringa av handlings- og økonomiplanen.

Byrådet gjorde vedtak i saka 20. juni.

Les dokumenta i saka

Her er sakene fra byrådet 20. juni